Påstanden om at elevar ikkje har godt av å gå på små skolar, får forskarane til å strides. (Ill.foto/arkiv Utanning)
Det er viktig for nokon kvar å finne ei sak å kjempe for, eller kjempe mot. Professor Thomas Nordahl har funne si – dei små skolane som enno er att i Bygde-Noreg. Lenge har han kjempa med argument og tru, men no kan han slå i bordet med det som er ein professors beste og blankaste våpen: fakta basert på eiga forsking. Eg viser til hans debattinnlegg i Hamar Arbeiderblad 3. mai i år der han ikkje har mykje godt å seie om dette skoleslaget. Men held desse ”fakta”?
Alvoret i saka
Fram til opp mot 1970-talet var den rådande trua mellom politikarar og fagfolk at det var dei større, fulldelte skolane som gav dei beste vilkåra for læring, og som såleis kunne sikre det likeverdige skoletilbodet. Då niårig skole blei skipa i 1960-åra, meinte ein at ungdomsskolen ikkje ville vere god nok om ikkje elevtalet gav grunnlag for minst tre parallelle klassar. Som svar på protestar frå folk og bygdelag som hadde mista, eller ville miste, barneskolen, eller som ikkje fekk ungdomsskole på staden, blei det mobilisert politisk vilje til å sjå på fakta. Tilsvarande utvikling såg vi i Sverige.
Omfattande forsking tidleg på 1970-talet i begge desse landa kunne ikkje dokumentere den type resultat som Nordahl no har funne. Dette sette ein stoppar for den sentraliseringspolitikken som til då hadde blitt pressa igjennom frå sentralt hald. Etter innføring av nye inntektssystem for kommunane i Noreg (1986) og i Sverige (1993) har vi i begge landa igjen sett ei sterk skolesentralisering.
Denne gongen er det omsyn til kommunebudsjetta som har drive prosessen, i dei aller fleste tilfelle mot vilja til folk i nedleggingskrinsane og mot råd frå dei fleste fagfolk, då med unntak av Telhaug og Nordahl.
Når Thomas Nordahl no slår til med sine nye fakta, skal det ikkje stor fantasi til for å skjøne at politikarar og rådmenn gnir seg i hendene. Dei treng ikkje ha dårleg samvit for å berge budsjettbalansen ved å leggje ned små skolar, dei gjer beint fram barn og unge ei stor teneste. Og foreldre blir sjølvsagt usikre.
Er det kan hende likevel best å sende ungane på lange bussreiser morgon og ettermiddag og for bygda/grenda å gje frå seg dei få akademiske arbeidsplassane og det liv og mangfald som eit aktivt, levande skolesamfunn fører med seg?
Det er så avgjort grunn til å gå Nordahl sine funn etter i saumane. Men først, er det kan hende annan nyare forsking som viser andre fakta?
Nyare forsking om små og store skolar
Midt på 1990-talet kom det to britiske rapportar som tok opp spørsmålet om kvaliteten på dei små, i regelen fådelte, skolane. Den eine i regi av Offsted (Office for Standards in Education) baserte seg på studiar av skolar i England og Wales konkluderte med at ”… tidlegare har det vore ein tendens til å tru at små skolar [færre enn 100 elevar] ikkje kunne gje ein så god opplæring som deira større motstykke.
Alt i alt tenderer kvaliteten på læringa til å vere litt (”slightly”) betre i dei små heller enn i dei store skolane. … På eit vidt spekter av samanlikningar som gjeld kvaliteten på skolegangen, blir dei små skolane rangert meir fordelaktig (”favourably”) enn dei store.”
Det høyrer med til historia at denne omfattande studien nok var tiltenkt å kome fram til heilt andre konklusjonar, men forskarane var, iallfall denne gongen, tru mot sine ”fakta”.
Same året, i 1995, la The Scottish Council for Research in Education fram ein gjennomgang av relevant forsking frå i alt åtte land. Oppsummeringa var slik: ”Dei direkte økonomiske kostnadene per elev er større ved små barneskolar enn ved større skolar. Likevel, dei små skolane gir mange fordelar for barna, deira foreldre og lokalsamfunn og for samfunnet i det heile som det må bli tatt omsyn når dei sanne (”true”) kostnadene skal vurderast.”
Men har vi ikkje nyare norsk og nordisk forsking på området som går på kvaliteten på sosial og fagleg læring ved mindre skolar samanlikna med større?
Alt for lite kan vi seie, men fritt er det ikkje. Av ei doktoravhandling av Rune Kvalsund basert på eit såkalla ”Skulelokaliseringsprosjektet” ved Møreforsking først på 1990-talet, og òg publisert i Scandinavian Journal of Education, går det fram at dei mindre fådelte skolane gir betre vilkår for mange sider ved sosial læring fordi denne skoleforma stimulerer til breiare sosial omgang med eldre og yngre barn og med barn av begge kjønn enn tilfelle er ved store skolar. NIBR (Norsk institutt for by- og regionsforsking) fekk sist på 1990-talet i oppgåve å finne ut kvifor finnmarkselevane i gjennomsnitt kom sist på fylkesstatistikkar over prestasjonsnivå i norsk, matematikk og engelsk ved fullførd ungdomsskole.
Det blei i denne samanhengen òg sett på skoleresultat etter skolestorleik der ”store” skolar hadde over 15 avgangselevar og ”små” skolar altså færre. I alle tre faga oppnådde elevane ved dei små skolane noko betre resultat enn dei frå større skolar, og størst var skilnaden for faget norsk. I St. meld. nr. 16 (2006-07) blir det referert til ein kommunestatistikk utarbeidd av Statistisk sentralbyrå over eksamensresultat frå grunnskolen.
Ved å korrigere for ulik samansetting av innbyggjarane med omsyn til yrke og utdanning blei det søkt laga ein indikator for kva kvaliteten på skolen hadde å seie for skilnader i gjennomsnittlege eksamensresultat kommunane imellom. Statistikken blir toppa av Steigen kommune i Nordland, ein grissgrendt kommune med fleire små skolar.
Endeleg kan det visast til ein ny (frå 2004) svensk studie av Åberg-Bengtsson, Universitetet i Göteborg, publisert i Scandinavian Journal of Education. I innleiinga til denne studien som konsentrerte seg om 9-åringane sine leseferdigheiter, blir det referert til ein serie svenske granskingar frå 1990-talet.
Det nasjonale Skolverket sto for fleire av desse, og kunne slå fast at det var ingen indikasjonar på at elevar frå mindre skolar var dårlegare skolefagleg sett enn andre elevar. På grunnlag av regresjonsanalysar der det blei tatt omsyn til foreldrebakgrunn og andre forhold, var faktisk konklusjonen heller at elevane frå grissgrendtkommunane oppnådde betre skoleresultat. Og grunnen blei av Skolverket tolka å vere færre elevar per lærar, betre arbeidsvilkår, mindre uro i dei små skolane på landet.
Konklusjonen på Åberg-Bengtsson si eiga gransking baserte seg på eit omfattande talmateriale og avanserte statistiske analysemetodar, var kort og godt at ”…resultata viste ingen signifikante samanhengar mellom skoletype og prestasjonar i lesing”. I tillegg er det no i gang eit større nasjonalt forskingsprosjekt ved Høgskolen i Nesna over skole og oppvekst i område med spreitt busetnad. Resultat frå dette arbeidet er enno ikkje publisert, men tidlege analysar gir så avgjort ikkje støtte til Nordahl sine funn.
På denne bakgrunn må ein spørje korleis det kan ha seg at Thomas Nordahl kjem til så ulike resultat på grunnlag av eit, må vi tru, omfattande materiale, rett nok berre frå ein enkelt kommune på Østlandet med fire små skolar?
Ikkje lærer ungane i dei små skolane godt nok, ikkje er dei motiverte, ikkje gjer dei lekser slik dei burde, ikkje trivst dei, ikkje likar dei lærarane sine, lite utviklar dei seg sosialt – og ros og oppmuntring frå lærarane sine er det smått stell med.
Det kan knapt bli verre. Med slike ”fakta” er det berre eitt å gjere: legg ned dei små skolane fortare enn svint. No tar Nordahl sine akademiske atterhald, men bodskapen i debattinnlegget er klar og tydeleg. Og atterhalda hindrar han ikkje i å trekkje drastiske konklusjonar om det ansvar kommunane tar om dei ikkje legg ned fådeltskolane sine.
Kva har skjedd?
Sjølvsagt er det uråd å gå kritisk gjennom Nordahl si forsking utan å ha sett på datagrunnlag, val av kommune, skolar etc. Vi må tru at han til dømes ikkje har leita ut akkurat den kommunen der det ved eit tilfelle er fire små skolar som over nokre år har hatt dårlege lærarar og/eller uheldig elevgrunnlag.
Vi må òg tru at han ikkje har kasta auga på ein kommune som over mange år har latt dei små skolane segle sin eigen sjø med omsyn til fagleg oppfølging, støtte og ressursar elles.
Endeleg må vi tru at dei spørjeskjema og testar som er nytta, kanskje utvikla og utprøvde i større miljø, ikkje verkar diskriminerande overfor elevar frå små skolar og typiske bygdemiljø. Elles er det all grunn til å streke under at konklusjonar på grunnlag av enkeltfunn alltid er risikable, om forskaren er aldri så ”ærleg”.
Det er store skilnader mellom kommunar, endå større mellom skolar og særleg når det dreiar seg om små einingar. Då eksamensresultat for nokre år sidan blei offentleg tilgjengeleg for journalistar å grafse i, viste det seg for Nordlands vedkomande at det var små skolar og små kommunar som både låg øvst og nedst på ligatabellane, og det truleg først og fremst ut frå tilfeldige variasjonar.
Det skal meir enn mot til for ein forskar, slik Nordahl gjer, å trekkje så bastante og vidtrekkande konklusjonar på grunnlag av fire små skolar i ein enkelt kommune.
Det kanskje mest interessante ved Nordahl sitt forsøk på å gje dei små skolane dødsstøyten, er at han faktisk sjølv peikar på fleire moglege forklaringar på desse funna så vel som på forhold som heller burde gje resultat i heilt motsett retning, slik ein del av den forskinga som eg har vist til ovanfor, har gjort.
Når desse dels motstridande argumenta og funna ikkje lèt seg sameine, grip Nordahl til det fasitsvaret han som nemnd har hatt i mange år, lenge før desse nye ”fakta”; det er dei små skolane sitt vesen, deira ibuande ”kultur”, som han kallar det, som får ta skulda. Det er nesten som eg får assosiasjonar til ondskapens akse, for ikkje å seie sentrum.
Konklusjon
Mitt alvorlege råd til foreldre, skolefolk og politikarar på alle nivå er dette: lat dykk ikkje skræme av Thomas Nordahl sine skrekkscenarium.
Artikkelforfattaren er seniorforskar ved Nordlandsforskning og professor II ved Høgskolen i Nesna.
I den første versjonen av innspelet kom vi i skade til å skrive i ingressen at undersøkinga berre har gått føre seg i Hedmark. Undersøkinga omfatter 10.000 elevar i ti fylke. (Red.anm)