Dei meiner at lærarane må attende til kateteret og undervise som dei gjorde i gode gamle dagar. Det er i alle høve slik dei vert tolka i media.
Eg er skeptisk til denne medisinen, og skepsisen har ikkje vorte mindre etter å ha lese Pisa-rapporten. I naturfag, som var fokusområde i 2006, ligg Noreg på høgde med dei andre nordiske landa i det som vert kalla kompetanse 2: Å kunne forklare fenomen naturvitskapleg. Dette vil seie at dei har ganske god greie på fakta. Det er berre Finland som ligg vesentleg høgare av dei nordiske landa.
Men der dei norske elevane skårar særleg lågt, er på kompetanse 3, som er å kunne bruke naturfagleg kunnskap til å trekkje konklusjonar og å skilje vrøvl frå fakta. Det vil seie at norske elevar ikkje greier å bruke dei relativt gode faktakunnskapane i naturfag til å forstå verda rundt seg. Det er berre nokre av dei tidlegare kommunistlanda i Aust -Europa som har større skilnader enn Noreg mellom kompetanseområde 2 og 3.
Det same gjer seg gjeldande i lesing, både på dei nasjonale prøvene og i Pisa, at det er på dei høgste kompetansenivåa, som krev vurdering og kritisk tenking, at dei norske elevane kjem dårlegast ut.
Er det då meir lekser og pugg av fakta, som i pressa vert framstilt som basiskunnskap, elevane treng, eller er det meir elevaktive undervisningsmåtar som skal til?
Eg ser ikkje nokon motsetnad mellom Telhaug og Haug sine krav om å gå attende til klasserommet (som truleg er den vanlegaste organiseringa framleis), og meir elevaktive og problembaserte undervisningsmetodar. Men når dei nemnde forskarane vert siterte i media, er det gamle metodar det vert fokusert på. Og eg har ikkje sett at dei har hatt innvendingar mot ei slik tolking.