Meiner lærarhøgskolen diskriminerer
Studentar har klaga lærarhøgskolen i Stockholm inn for ombodet for etnisk diskriminering. Bakgrunnen er at lærarar ved høgskolen har sagt at studentar ikkje er gode nok i svensk til å ta lærarutdanning.
Høyere utdanning | 19.02.2008

 Det er avisa Dagens Nyheter som melder dette, og studentane har oppfatta det som krenkande.

 

I eit tilfelle oppdaga høgskolelæraren at studenten i praksistida ikkje forsto kva elevane sa. Klagene, som ikkje er handsama ennå, har ført til at andre høgskolelærarar ikkje har våga å seie til studentar at dei ikkje kan svensk godt nok til å studere ved høgskolen.

 

Nå seier rektor Kåre Bremer at å seie frå om manglande kunnskap ikkje er krenkande, skriv avisa.

 

(kr)