Timetallsutvidinga på to veketimar à 60 minutt er derfor tenkt knytt til årstrinna 5. – 7., men dette vil først bli fastsett etter ein høyringsrunde. Behovet for fysisk aktivitet er truleg størst for dei eldre elevane på barnesteget. Etter at saka har vore på høyring vil Kunnskapsdepartementet gjennom forskrift komme tilbake til eit konkret opplegg for gjennomføringa.
I budsjettet for 2009 foreslår regjeringa å auke veketimetalet på barnesteget med to timar knytte til fysisk aktivitet. Endringane skal gjelde frå hausten 2009. Føremålet er at fysisk aktivitet er viktig for å auke elevanes læringsutbytte. Til dette blir det foreslått å løyve om lag 49 mill. kroner. 47,7 mill. kroner vil bli lagde inn i rammetilskottet til kommunane og 0,7 mill. kroner blir løyvde til private skolar.
Meir tid til fysisk aktivitet skal gi grunnlag for ein meir variert skoledag og betre læringsutbytte for elevane. Erfaringane frå Forsøk med utvida skoledag og sluttrapporten frå evalueringa av Prosjekt leksehjelp 2006–2008 vil bli nytta i den vidare gradvise innføringa av eit auka timetal på barnetrinnet og utviklinga mot ein heilskapleg skoledag med meir tid til læring, fysisk aktivitet og måltid, heiter det i budsjettframlegget.