Utdanning,
Hausmanns gt. 17
PB 9191 Grønland,
0134 Oslo.

Tlf. +47 24 14 20 00
redaksjonen@utdanningsnytt.no

Ansvarlig redaktør:
Knut Hovland

Nettredaktør:
Paal M. Svendsen

Utgiver:
Utdanningsforbundet

Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Utdanning.
Utdanning er medlem i
Den Norske Fagpresses Forening, og arbeider etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.

Forhandlingsansvaret må tilbake frå KS til staten
Framlegg til vedtak på Utdanningsforbundet Førde sitt årsmøte 27. mars:

Bakgrunn: Det famøse overføringsvedtaket til Clemet og Bondevik 31. januar 2003 følgde etter eit vedtak på AP sitt landsmøte søndag 10. november 2002. Utdanning sin redaktør meinte den gongen at vedtaket var så håpløst at det var freistande å kalle det ei arbeidsulykke. Han sa også at vedtaket truleg ikkje hadde fått fleirtal dersom alle delegatane hadde vore til stades.

"Respektlaus arroganse" var overskrifta i Helga Hjetland si tale under overføringsstreiken 6. februar 2003. Ho sa vidare:" Ved å overføre forhandlingsansvaret til kommunesektoren, gir regjeringa frå seg eit av dei siste styringsmidla ho har. Snart er Clemets skulepolitikk avgrensa til kvalitetsportal og testar! Alt anna skal fastsetjast lokalt. Så skal marknadsmekanismane, det vil seie konkurranse, valfridom og beløning syte for god kvalitet for alle."

I dag ser vi at alle negative spådommar har slått til:

- Hovudoppgjeret 2008 vart ein fiasko

- Det tekniske berkningsutvalet sine tal viser at lærarane vart taparane i KS

- Lokale forhandlingar er bortkasta arbeid og feil prioritering

- Kunnskapsminister Solhjell innrømmer at han er avhengig av kommunal velvilje for å nå sine skulepolitiske mål

Kvardagen i kommunenorge er heller ikkje pen:

- 30 milliardar meir til kommunane sidan 2007: 8 nye lærarar

- Auka timetal i barneskulen siste åra: 8 nye lærarar

- I Hadsel kommune blir 10,5 lærarstillingar fjerna i 2009: Det utgjer 10% av staben

- Behov for 10 000 nue lærarar næraste åra

- Innføringa av Kunnskapsløftet ein fiasko i fleirtalet av kommunane ifølgje evaluering

- Overgang til tonivåkommunar har fjerna skulesjef og undervisningsutval

Siste halvår er det fleire som tek til orde for tilbakeføring av forhandlingsansvaret: Finn Stoveland, Petter Falkenberg, Knut Hovland, fylkesleder Sylvi Johnsen, SV sin programkomite, Utdanningsforbundet sine lokallag i Halden, Fredrikstad m.fl.).

Utdanningsforbundet må på nytt reise saka og krevje snarleg tilbakeføring til staten.

  • KS er ein interesseorganisasjon, og har ikkje evne eller vilje til skulesatsing
  • KS vil alltid setje lærarane opp mot andre grupper i kommunane
  • Vi treng nasjonale standardar og verktøy i skulepolitikken
  • MEN: Først og fremst handlar dette om lønn. Det er lettare å forhandle fram lønn gjennom staten.
  • Til valkomiteen: Den nye leiaren må ha evne og vilje til å artikulere standpunktet
  • Utdanningsforbundet må vurdere å innstille samarbeidsprosjekt med KS og staten for å vise alvoret.

Utdanningsforbundet sitt årsmøte i Førde krev derfor:

  1. Forhandlingsansvaret for lærarane vert tilbakeført frå KS til staten
  2. Valkomiteen i Utdanningsforbundet må vurdere leiarspørsmålet i lys av denne saka
  3. Utdanningsforbundet må vurdere å innstille samarbeidsprosjekt med KS og staten for å understreke vilje til å bruke makt.
  4. Utdanningsforbundet tek saka opp til vedtak på landsmøtet i 2009.

Kommentarer:
Navn:
Tittel:
Epost:
Kommentar:
NB! Innlegget vil ikke vises med en gang. Du får en e-post fra oss når det ligger ute.
annonser annonser: