Bakgrunn: Det famøse overføringsvedtaket til Clemet og Bondevik 31. januar 2003 følgde etter eit vedtak på AP sitt landsmøte søndag 10. november 2002. Utdanning sin redaktør meinte den gongen at vedtaket var så håpløst at det var freistande å kalle det ei arbeidsulykke. Han sa også at vedtaket truleg ikkje hadde fått fleirtal dersom alle delegatane hadde vore til stades.
"Respektlaus arroganse" var overskrifta i Helga Hjetland si tale under overføringsstreiken 6. februar 2003. Ho sa vidare:" Ved å overføre forhandlingsansvaret til kommunesektoren, gir regjeringa frå seg eit av dei siste styringsmidla ho har. Snart er Clemets skulepolitikk avgrensa til kvalitetsportal og testar! Alt anna skal fastsetjast lokalt. Så skal marknadsmekanismane, det vil seie konkurranse, valfridom og beløning syte for god kvalitet for alle."
I dag ser vi at alle negative spådommar har slått til:
- Hovudoppgjeret 2008 vart ein fiasko
- Det tekniske berkningsutvalet sine tal viser at lærarane vart taparane i KS
- Lokale forhandlingar er bortkasta arbeid og feil prioritering
- Kunnskapsminister Solhjell innrømmer at han er avhengig av kommunal velvilje for å nå sine skulepolitiske mål
Kvardagen i kommunenorge er heller ikkje pen:
- 30 milliardar meir til kommunane sidan 2007: 8 nye lærarar
- Auka timetal i barneskulen siste åra: 8 nye lærarar
- I Hadsel kommune blir 10,5 lærarstillingar fjerna i 2009: Det utgjer 10% av staben
- Behov for 10 000 nue lærarar næraste åra
- Innføringa av Kunnskapsløftet ein fiasko i fleirtalet av kommunane ifølgje evaluering
- Overgang til tonivåkommunar har fjerna skulesjef og undervisningsutval
Siste halvår er det fleire som tek til orde for tilbakeføring av forhandlingsansvaret: Finn Stoveland, Petter Falkenberg, Knut Hovland, fylkesleder Sylvi Johnsen, SV sin programkomite, Utdanningsforbundet sine lokallag i Halden, Fredrikstad m.fl.).
Utdanningsforbundet må på nytt reise saka og krevje snarleg tilbakeføring til staten.
Utdanningsforbundet sitt årsmøte i Førde krev derfor: