Der veit dei fleste kvar skoen trykkjer. Vi må ha meir av det eine eller meir av det andre. Problemet vert då ofte at det vert meir og meir.
Ein kurshaldar sa ein gong at det fins mange system og idear om undervisning, og dei aller fleste verkar. Det viktigaste er å vere konsekvent, og at alle i personalet er tru mot dei felles retningslinjene. Ein interessant tanke. Då kan kanskje korleis ein gjer ting vere like viktig som kva ein gjer? Eg har møtt veldig mange dyktige og gode pedagogar som mest av alt drøymer om ro til å etablere gode rutiner og arbeidstilhøve for elevane. Frustrasjonen vert då ofte tid, eller mangel på tid.
Løysinga mi på dette er enkel; Gjer dagane meir kjedelege!
Misforstå meg rett. Eg er svært opptatt av å halde på kultur og mangfald i skulen! Men, i tillegg til dei planlagde aktivitetane som konsertar og skidagar, skjer det stadig at dagane vert fylde med andre ting enn det som er planlagd. Hadde det vore noko som absolutt ikkje passa inn i læring og danningsbiletet til elevane, så hadde det vore lett å seie nei, men problemet er at det ofte er positive, gode føremål!
Men igjen, må alt inn i skulen?
Vekene og dagane vert oppstykka, og den roa til jobbing som tek tid å etablere, vert skadelidande.
Den vanlege undervisninga skulle ha vore nettopp det. Vanleg. Kanskje hadde det vorte meir kjedeleg, men på den andre sida hadde kvaliteten på skuledagane kanskje auka litt? Eg berre spør.
Eg har jobba på fire ulike grunnskular i løpet av mi ikkje så alt for lange karriere som lærar. Desse fire skulane var veldig ulike. kommunane var også veldig ulike, men ein ting var likt. Nesten ingen veker var utan aktivitetar som anten nokon utanfrå styrte oss inn i, eller som vi litt for ubevisst etter mi meining, styrte oss sjølv inni. Det at det har vore gjort slik i alle år er ikkje alltid ein god grunn til å halde fram med det. Skal ein fylle på, må ein nødvendigvis også tøme ut. Elles blir det vel litt for fullt...?