– Kuttforslag er lovbrot
Rådmannen i Sarpsborg foreslår å slå saman den administrative leiinga i barnehagar for spare årsverk. – Å vedta dette vil vere i strid med lova, seier lokallagsleiaren i Utdanningsforbundet, Jostein Egerdal.
Jostein Egerdal, leiar i Utdanningsforbundet Sarpsborg. (Foto: Tom-Egil Jensen)
– Sarpsborg kommune kan ikkje slå saman barnehageeiningar dersom dette fører til færre administrative stillingar, seier Jostein Egerdal, leiar i Utdanningsforbundet Sarpsborg. (Foto: Tom-Egil Jensen)

I dag er det 17 administrative stillingar i dei kommunale barnehagane i Sarpsborg. 18. januar neste år skal administrasjonsutvalet i kommunen ta stilling til ei innstilling frå rådmann Einar Evensen som inneber at det berre vert 13 slike stillingar att. Fleire av barnehagane vil i så fall måtte dele på same styrar.

Leiar Jostein Egerdal i Utdanningsforbundet Sarpsborg meiner eit slikt vedtak vil vere ulovleg. Han syner til eit liknande vedtak i bystyret i Arendal, som Fylkesmannen i Aust-Agder omgjorde i september. Grunngjevinga var at det ikkje er lov å vedta at same styrar har ansvaret for fleire barnehagar, dersom dette òg inneber er svekking av leiarressursen i kvar einskild barnehage.

– Eg føreset at kommunen held seg innanfor lovverket og tek kontakt med Fylkesmannen i Østfold for å få rettleiing, seier Jostein Egerdal til Utdanning.

Les desse:

Troms: Markeringer mot kutt i videregående

Nordland: Ingen nedleggelse i Sortland

Nordland: Billigere å beholde skoler 

Rogaland: Sandnes beholder lærerne

Sogn og Fjordane: Spontan-streik i Sogndal for å beholde vgs

Telemark: Politisk streik mot kutt

Aust-Agder: Fekk utsett skulesamanslåing

Sogn og Fjordane: Hånd i hånd mot nedlegging 

Østfold: Fakkeltog ga resultat

Nasjonalt: 81 skoler kan bli nedlagt

Styrar på deling

No er barnehagane i Sarpsborg delte inn i fem verksemdsområde, som vert leia av ein av styrarane for ein av barnehagane innanfor dette området. Områdeleiaren har ansvaret for personalet og økonomien, men alle barnehagane har kvar sin styrar som er pedagogisk ansvarleg.

I november vedtok administrasjonsutvalet i kommunen å redusere talet på verksemdsområde til fire.

I januar skal utvalet handsame innstillinga frå rådmannen om organiseringa innanfor desse områda, som inneber at fleire barnehagar må dele på same styrar. I to av dei fire nye verksemdsområda, Tune og Varteig, vil fem barnehagar måtte dele på tre administrative heiltidsstillingar.

Jostein Egerdal tykkjer at framlegget frå rådmannen samsvarar dårleg med politiske signal om å styrkje kvaliteten i barnehagen.

– Medan halvparten av dei tilsette i barnehagane er pedagogar i dei andre nordiske landa, har Noreg ein pedagogtettleik på 32 prosent. Dersom kvalitet i barnehagen skal vere eit satsingsområde, er dette å gå feil veg, påpeikar Egerdal.

Han meiner kvar barnehage må ha ein styrar.

- Det er stor avstand mellom fleire av barnehagane i Sarpsborg, og då er det vanskeleg å ha ein styrar til stades kvar dag, seier Egerdal.

Avventar eit vedtak

Kari Smith-Meyer, barnehageansvarleg hos Fylkesmannen i Østfold, vil ikkje seie noko om framlegget er lovleg eller ikkje før embetet har handsama ein klage på eit eventuelt vedtak i saka. Men på generelt grunnlag syner ho til Kunnskapsdepartementet si tolking av paragraf 17 i barnehagelova, som dreier seg om styrarane.

– Ifølgje departementet si tolking kan det nokre gongar vere behov for å samordne styrarressursar, men vilkåret er mellom anna at desse ressursane ikkje vert svekte, seier ho.

Kari Smith-Meyer peikar på at det er Sarpsborg kommune som sjølv skal føre kontroll av drifta av barnehagane i kommunen, men Fylkesmannsembetet fører i sin tur tilsyn med korleis kommunane utfører rolla si som barnehagemyndigheit. I år har embetet gjennomført slikt tilsyn i fem av kommunane i Østfold.

– Innanfor lova

Uno Larsen, seksjonsleiar for oppvekst i Sarpsborg kommune, meiner kommuneadministrasjonen held seg innanfor lovar og avtalar i denne saka.

– Elles ville vi ikkje ha lagt det fram. Men det er riktig at framlegget inneber ein reduksjon i den samla administrative leiarressursen til barnehagane. Dersom departementet eller Fylkesmannen vurderer at det er i strid med lova, må vi gjere andre tiltak, som til dømes å kutte i grunnbemanninga i barnehagane, seier Larsen til Utdanning.

Han meiner det ikkje er sagt frå kommunen si side at ikkje kvar barnehage skal ha sin eigen styrar.

- No ser vi på korleis leiarressursane skal fordelast mellom barnehagane i kvar av einingane og korleis kvar barnehage kan få ein andel av styrarressursen. Men at nokre barnehagar må dele, er det inga tvil om, seier Larsen.

Han legg ikkje skjul på at det er dårleg kommuneøkonomi som er grunnen til forslaget.

– Sarpsborg er i en veldig vanskeleg situasjon. Det er eit stort sprik mellom dei statlege overføringane og kostnadsnivået. Vi må kutte kostnadene på alle område, og sånn sett har oppvekstsektoren kome ut på ein ikkje dramatisk måte. Andre delar av kommunen er mykje verre stilt, seier Uno Larsen.

 


Kommentarer:
Navn:
Tittel:
Epost:
Kommentar:
NB! Innlegget vil ikke vises med en gang. Du får en e-post fra oss når det ligger ute.
annonser annonser: