Mykje radon i barnehage
Ein barnehage i Stokke i Vestfold har nesten fem gangar meir radongass enn styresmaktene si maksimumsgrense.
Illustrasjons: Statens strålevern
Illustrasjons: Statens strålevern

Radon er den nest vanlegaste årsaka til lungekreft.

Målinga av radonmengda i Olaløkka barnehage i Stokke synte eit radonnivå på 956 becquerel per kubikkmeter; høgt over maksimumsgrensa til Statens strålevern på 200. No har kommunen fått pålegg om å få radonverdiane ned til eit akseptabelt nivå innan 1. april, skriv Tønsbergs Blad.

Radon er ein radioaktiv gass som ein reknar med fører til rundt 300 dødsfall i året. Etter røyking er radon den mest vanlege årsaka til lungekreft. Senioringeniør Jørn Svinsholt i miljøretta helsevern i Vestfold opplyser til avisa at å opphalde seg i eit rom med radonnivå på rundt 1000 becquerel per kubikkmeter svarar til å røykje mellom 10 og 20 sigarettar om dagen.


Kommentarer:
Ikkje den einaste barnehagen

Denne barnehagen er nok ikkje den einaste barnehagen med høge radonforekomstar. Er ikkje sikker på tala for Kinsarvik barnehage i Ullensvang Herad, men der bygger dei for tida ut ein barnehage der nokon av nabohusa har mellom 10 000 og 35 000 becquerel pr kubikkmeter! I Kinsarvik er 1000 becquerel ein låg verdi, diverre. I kjellaren på ungdomsskulen sprengte dei skalaen til Statens strålevern.

Knut M

Navn:
Tittel:
Epost:
Kommentar:
NB! Innlegget vil ikke vises med en gang. Du får en e-post fra oss når det ligger ute.
annonser annonser: