Utdanning,
Hausmanns gt. 17
PB 9191 Grønland,
0134 Oslo.

Tlf. +47 24 14 20 00
redaksjonen@utdanningsnytt.no

Ansvarlig redaktør:
Knut Hovland

Nettredaktør:
Paal M. Svendsen

Utgiver:
Utdanningsforbundet

Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Utdanning.
Utdanning er medlem i
Den Norske Fagpresses Forening, og arbeider etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.

Kamp om elektronisk eksamensjuks
Fusk på eksamen er vorte ein leveveg for britiske firma, både dei som vil hjelpe elevar med å fuske og dei som tilbyr skular hjelp til å knipe juksemakarane.
Illustrasjonsfoto: SXC
Illustrasjonsfoto: SXC

Juks på eksamen ved hjelp av mobiltelefon, musikkspelarar og anna elektronisk utstyr er eit aukande problem i England. I fjor var mobiltelefonar innblanda i ein tredel av alle avslørte forsøka på fusk til grunnskuleeksamen, ifølgje BBC.

På internett tilbyr fleire firma utstyr til fusk på eksamen, som til dømes skjulte øyreproppar for å motta hjelp utanfrå. Samstundes får skular tilbod får firma som sel utstyr som skal avsløre slikt juks. Skulane vert lova hjelp til å avsløre elevar som i det skjulte sender tekstmeldingar eller nyttar mobiltelefonen til å finne informasjon på nettet.

– Eksamensinspektørar vert utfordra av mobilar som vert stadig mindre og kraftigare, seier David Spurr, eigar av eitt av selskapa som tilbyr skular mobiltelefon-detektorar.

Eksamensarrangørane har vurdert ei rekkje tiltak for å kome problemet til livs, mellom anna å forsegle rom med materialar som blokkerer signal frå mobiltelefonar og å installere overvakingskamera.

Det er ikkje berre mobilar som vert misbrukte av eksamenskandidatar som ikkje full ut stolar må eigen kunnskap. Det nasjonale organet for overvaking av eksamenar, Ofqual, har lagt ned forbod mot minnepinnar, musikkspelarar, all slags utstyr for elektronisk kommunikasjon og alle formar for kamera. Alle eksamenslokale er forplikta til å ha store plakatar som åtvarar kandidatane om dei strenge reglane. Bruk av til dømes mobiltelefon under eksamen fører til stryk.

Over 4400 elevar i England, Wales og Nord-Irland vart tekne for juks på grunnskuleeksamenane GCSE og A-level i fjor. Det var ein auke på 6 prosent frå året før.

Det finst ikkje tilsvarande tal på kor mange elevar som vert tekne for juks på eksamen i norske skular.


Kommentarer:
Svar

Hva med de elever som er "programerte" av foreldrerne fra fødseln til å gjøre det bra på skolen? Kan man jukse i refleksjon?

Erik Isakson

Navn:
Tittel:
Epost:
Kommentar:
NB! Innlegget vil ikke vises med en gang. Du får en e-post fra oss når det ligger ute.
annonser annonser: