Somme velmeinande røyster har hevda at lekser aukar skilnaden mellom folk. Andre vil ha leksefri skule fordi barna skal ha fritida si i fred. Og frå forskingshald har det kome påvising av at feil gitte lekser og feil oppfølgjing av lekser gjev dårleg resultat.
Først til synspunktet om at lekser aukar skilnaden mellom folk. Eit tilleggsargument her er at barn i skoleflinke familiar gjer leksene, mens barn i lite skoleflinke familiar ikkje får det same utbyttet av av dei. Dette er sjølvsagt rett. Men ein løyser ikkje noko problem med å sløyfe leksene. Sløyfer ein leksene, gjer ein ALLE dummare enn dei kunne ha vore. Og det kan eg som norsklærar i over 30 år berre konstatere: ALLE elevane meistrar mindre ord og uttrykk no enn før. ALLE les saktare og med meir feil. Kvifor? Rett og slett fordi dei ikkje får den treninga dei burde ha. Vegen fram til å bli ein flink lesar er ikkje enkel, men ein kan oppsummere han i tre prinsipp: For det første må eleven ha knekt lesekoden slik at han kan tileigne seg ord han/ho ikkje kan. For det andre må eleven ha mengdetrening, mykje mengdetrening. For lesinga må automatiserast meir og meir om ein skal bli ein flink lesar. Ein må ha lese og lært tydinga av same ord og uttrykk mange gonger for at dette skal skje. Og for det tredje: Ein må heile tida lære nye ord og uttrykk for å utvikle dette vidare, slik at ein når eit tilfredsstillande nivå. Og ein må stadig gå vidare til stadig vanskelegare tekster. Begynner ein å sløyfe leksene, vil ein oppnå det motsette. Sjølv feil gitte, ubudde og ikkje oppfølgde lekser er ei vinning, ikkje eit tap. (Men dei bør så langt råd unngåast av andre årsaker.) Og ein oppnår ikkje meir rettferd og framgang for dei med det dårlegaste utgangspunktet ved å gjere alle dummare. Dei med det dårlegaste utgangspunktet kan berre kome seg derifrå med målretta innsats for å lære det som trengst.
Eit tilfredsstillande nivå er forskjellig frå menneske til menneske, avhengig av yrke og eigeninteresse. Dei beste forfattarane våre ligg på eit språknivå som er fleire gonger høgare enn det vanlege menneske ligg på. Andre ligg slik til på spesielle fagfelt. Men målet er vel ikkje at vanlege menneske skal bli liggjande på eit lågt nivå? Målet bør vel vere at alle skal heve seg – forstå meir, tileigne seg meir kunnskap og dermed få eit betre liv? Dei som med nebb og klør slåss mot lekser, forringar livet til sine medmenneske. Dei veit ikkje kva dei gjer!
Dei same vanvittige oppfatningane gjer seg gjeldande når det gjeld språkformer. I Osloskolen kom dei så langt at dei nesten klarte å avskaffe sidemålet. Men norsk er ikkje berre bokmål. Det er heller ikkje berre nynorsk. Norsk som språk er summen av bokmål, nynorsk, og først og fremst, dialektane og det tala språket elles. Dei som ikkje er villige til å lære seg mest muleg frå alle desse tre områda, er eigentleg ikkje opptekne av å lære seg norsk.
Det er godt muleg at ein kunne oppnå ei kortsiktig vinning ved å la barna berre lære ei språkform. Da ville dei kanskje raskare kunne skrive og snakke feilfritt og greitt på ei målform. Men samtidig vil ein gjere dei fattigare – fattigare på forståing av dei andre språkformene, fattigare på ord og uttrykk.. Og på sikt vil dei sitje att med eit innsnevra og einspora språk utan dei store mulegheitene for utvikling som ei breiare språkinnlæring vil skape grunnlag for. I ungdomsskulen har barna hittil vore nøydde til å lære både nynorsk og bokmål. Til å begynne med skapar det forvirring til og med hos dei flinkaste. Men forvirringa går ganske raskt over, og det er ikkje tvil hos meg om at dei på sikt tener på denne forvirringa. Dei får ei djupare språkforståing, ei språkforståing som hevar språkompetansen deira også i hovudmålet fleire hakk.