Meir nynorsk på statlege nettstader
Statsorgana brukar litt meir nynorsk på nettsidene sine no enn før.
Samfunn | 22.03.2010

Likevel bryt framleis tre av fire statsorgan mållova, ifølgje ein ny rapport om målbruk i staten.

– Statsorgana gjer ikkje det storting og regjering har bede om, seier fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet.

I åra 2006 til 2008 vart statsorgana pålagde av storting og regjering å trappe opp arbeidet med å etterleve mållova. I St.meld. nr 7 (2005–2006) ”Målbruk i offentleg teneste” fekk statsorgana beskjed om at dei innan 2008 skulle oppfylle krava i mållova til punkt og prikke. I praksis gjaldt det å auke nynorskprosenten i informasjon på nett og papir. Den siste mållovsrapporten frå Språkrådet, med resultat frå 2008, viser at det er langt igjen før statsorgana oppfyller krava i mållova. Om lag eitt av fire statsorgan oppfyller krava i mållova på ein god måte.

Berre eitt av to skjema på nynorsk

Statsorgana viser minst framgang i informasjon på papir. I publikasjonar på nett er derimot framgangen tydeleg. På statlege nettsider er det no om lag 10 prosent nynorsk, mot 5 prosent for nokre år sidan. Kravet er 25 prosent.

Om lag halvparten av alle skjema som er i bruk i staten, er på nynorsk. Kravet er at alle skjema skal finnast på begge målformer. Krava har vore dei same i mange år.

Leiaransvar

– Leiarane i statsorgana må sende tydelege signal til organisasjonen om at mållova skal følgjast. Utan slike signal har det liten verknad at eit statsorgan arbeider godt med å bruke og utvikle den språkkompetansen som skal til, seier fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet.

– Eit slåande døme er korleis departement som har hatt nynorskbrukande statsråd, går frå for låg nynorskprosent til å oppfylle krava i mållova på kort tid, seier Tvitekkja.

Sjå resultat frå 135 statsorgan

”Rapport om målbruk i offentleg teneste 2008” og tal for enkeltorgan ligg på nettsidene til Språkrådet.

Blant dei 135 statsorgana finn vi blant anna høgskular, universitet, direktorat og ombod.