Julestri og høyrestri
Kor det går med skulen der dine barn er elevar? Lever den? Er det slik at du kjenner igjen beskrivelsen frå Høyre og Clemet: 11,6 barn (eller noko slikt) per lærar, spør innsendaren.
Debatt | 22.12.2004 | Av: Hans Farstad

God kveld du..
Mykje å stri med no…?
Tenkjer på dei som vil sel eg, butikkane veit du.
Dei sel ikkje nok fram til 18.00 eller 20.00 lenger.
I kveld fredag 17.desember held dei opent til 24.00 til dømes i Elnesvågen.
 
Vi kjøper for lite.
Det private initiativ som Erna Solberg
las om i lærebøkene sine som blåruss,
det ser vi no.
Gale at Blårussen skal prøve ut ideane sine i regjering au då.
 
Fræna, ein middels stor kommune i Ernaland, berre 9000 innbyggjarar.
Skulle vore avliva, Ernaspråk - slått saman…
Ikkje sant…
 
Poenget til Erna er jo å gjøre Norge kommunefattig.
Fattig på kommunar og fattige kommunar.
Eit Norge heilt annleis enn det vi såg før ho Erna og Høyre tok over.
Kor lenge skal Blåruss-kompaniet få herje…?
 
Kor det går med skulen der dine barn er elevar?
Lever den?
Er det slik at du kjenner igjen beskrivelsen frå Høyre og Clemet:
11,6 barn (eller noko slikt) per lærar?
 
Veit du kva som ergrar når statistikk vert gjort til sanning?
Be statsministeren eller ho Clemet i intervju på tv fortelje oss
kvar dei ungdomsskulane er…?
Dei som har klassar/elevgrupper på om lag 12 elevar slik ho og statsministeren stadig messar om.
 
Det private initiativ…
Jøss, manglar ei Cola her kjenner eg etter all munnbruken.
Rekk enno og stikke innom Rimi.
Såg eg ikkje ein plakat då…?
Åpent til 24.00…